Fra forestillingen "Abraham i Bibelen og Koranen".

– Framsyninga opna eit rom for samtale

Forteljar og scenekunstnar Mehda Zolfaqari tek opp tru og livssyn i framsyningane sine, og ser at mange elevar har behov for å snakke om eksistensielle spørsmål.

– Eg har jobba med Den kulturelle skolesekken sidan 2014, og har vore på turné frå Lindesnes til Nordkapp. Det beste er at ein verkeleg får reist og blitt kjent med Noreg. Ikkje minst er eg veldig glad i å jobbe med barn og unge, noko DKS har gitt meg høvet til. Ulempa er vel at ein er så mykje borte at ein ikkje kan ha rutinar.

Interreligiøs dialog

Mehda Zolfaqari er fødd i Iran og vakse opp i Oslo. Ho er profesjonell tolk/omsettar, forteljar, scenekunstnar og medlem av Fortellerhuset. Med DKS-framsyninga «Abraham i Bibelen og Koranen», som blei laga på bestilling frå DKS Buskerud og Drammen Sacred Festival, har ho reist Noreg rundt i seks år.

– Som kanskje den einaste koranforteljaren i Noreg har eg vore oppteken av å sjå religiøse tekstar frå eit humanistisk og feministisk perspektiv, og bruke forteljingane i interreligiøs dialog.

– Utanfor DKS opptrer eg for det meste med familieframsyningar basert på folkeeventyr og legender, mest eigna for dei aller yngste. I DKS har eg opptredd for ungdomsskular, vidaregåande skular og nokre gonger vaksenopplæring og folkehøgskular.

Mehda Zolfaqari og Alf Martin Lie på scenen.
Mehda Zolfaqari og Alf Martin Lie i framsyninga «Abraham i Bibelen og Koranen». (Foto: Lars Opstad/Kulturtanken)


– «Abraham i Bibelen og Koranen» er det eg definerer som framsyning for vaksne. Framsyninga har òg vore etterfølgd av samtale med elevane, som har dreidd seg om alt frå personlege tema til eksistensielle spørsmål og samfunnsaktuelle tema. Det eg har oppdaga er at forteljingar opnar for samtale og kan vere eit godt utgangspunkt for dialog. Spesielt når det gjeld tru og livssyn, eit tema som etter erfaringa mi finst det ein del berøringsangst for i klasserommet.

Frå syrisk til samisk ungdom

Zolfaqari fortel at det har vore mange minneverdige stunder i løpet av åra på turné. Mellom anna opptredde dei for ein mottaksklasse i Mandal, der det var mange elevar som hadde flykta frå krigsherja land som Syria og Afghanistan.

– Nokon var sterkt traumatisert og skeptiske til religion, då dei såg religion som grunnen til at deira land låg i ruinar. Det å bli fortalt ei religiøs forteljing fekk mange til å reagere, men samtidig opna det eit rom for samtale om eksistensielle spørsmål, eit rom som tilsynelatande hadde vore stengt. Det verka som elevane den dagen hadde veldig behov for å ta opp slike tema, fortel ho.

Ho har òg blitt kjent med samisk ungdom i Kautokeino, der dei fleste aldri hadde møtt ein med muslimsk bakgrunn og stilte henne mange personlege spørsmål.

– Dei var ekstra opptekne av Abraham som, på linje med mange av familiane deira, var ein nomade. Dei samanlikna rituell slakting med slakting av reinsdyr og snakka òg om dei personlege forholda deira til kristendom og det dei framleis praktiserte av naturreligion. Jentene lurte på korleis unge kvinner går kledd i Iran og fekk meg òg til å logge inn på Instagram og vise bilete av kusinene mine som bur i Iran. 

Sitat: Forestillingen åpnet et rom for samtale om eksistensielle spørsmål. Det virket som elevene hadde veldig behov for å ta opp slike tema. - Mehda Zolfaqari

Les meir om Mehda Zolfaqari og framsyningane hennar på mehda.no.

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné



Toppbilete: frå framsyninga «Abraham i Bibelen og Koranen». (Foto: Lars Opstad/Kulturtanken)