Hjelp! DKS kjem. Kva gjer eg?
Publisert 09.08.2023
Kjem besøket frå Den kulturelle skulesekken (DKS) som ei overrasking på deg nokre gonger? Eller treng du nokre tips til korleis du kan arbeide med DKS-opplevingane saman med elevane?
I dette verktøyarket finn du forslag til metodar du kan ta i bruk, anten du har dårleg, passeleg eller god tid til førebuingar. Sjå også ressursen Kunstopplevingar og danningsprosessar.
Lenkje til verktøyarket i nettversjon.
Informasjon
Denne ressursen kan gjerne vidareformidlast til skular/lærarar, og delast på eigne nettsider.