Om DKS

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørgjer for at alle skuleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år. Ordninga er unik i verdssamanheng.

Read in English here.

Gjennom ordninga får elevane høve til å oppleve, gjere seg kjend med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk. Kulturtilbodet skal vere av høg kvalitet, og vise heile breidda av dei seks kulturuttrykka: film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst.

Den kulturelle skulesekken har vore ein del av den kulturpolitiske satsinga til regjeringa for grunnskulen sidan 2001, og etter kvart vart også vidaregåande skule innlemma i ordninga. Dette betyr at i dag får alle elevar, frå 1. klasse i grunnskulen til 3. trinn på vidaregåande skule, oppleve profesjonell kunst og kultur gjennom DKS.

Organisering

DKS er eit samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, og alle fylkeskommunane og kommunane i landet. Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg fekk i 2016 det nasjonale ansvaret for ordninga. DKS er altså eit samarbeidsprosjekt mellom kultur- og opplæringssektoren på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og omfattar alle skulane i Noreg. Fylkeskommunen er ansvarleg for regional koordinering og programmering, men kommunane har også moglegheit for å utvikle eigne program lokalt.

Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg er ein nasjonal etat med ansvar for å forvalte, kvalitetssikre og utvikle DKS-ordninga. I tillegg til å vere ein nasjonal koordinerande instans for utvikling av kvalitet og samarbeid i ordninga, skal Kulturtanken også bidra til at tilboda samspiller med læreplanane i skulen, og til å utvikle felles forståing og engasjement mellom kunst-, kultur- og skulesektor. Kulturtanken har ansvar for å tildele spelemidlar (frå overskotet til Norsk Tipping), innhente rapportering og utarbeide nasjonal årsrapport for DKS. Kulturtanken bestemmer ikkje over det lokale programmet i DKS. Meir om Kulturtanken her: www.kulturtanken.no

Om kunst- og kulturuttrykka:

Meir om DKS: