Se oversikt over Den kulturelle skolesekkens historie som tidslinje her.

 

“Kulturtilbod og kulturformidling til born og unge har lenge vore eit viktig kulturpolitisk tiltaksområde.

I handlingsplanen Broen og den blå hesten,1996 vart det lagt vekt på at skuleelevar må få opplevingar med profesjonell kunst av høg kvalitet, samstundes som dei får utfalde seg med eigne kulturelle aktivitetar. Handlingsplanen la vekt på eit auka samarbeid mellom skuleverket og kunst- og kulturlivet.

Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen vart det lagt stor vekt på at skulen skal vere ein stad der born og ungdom møter profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet, og at profesjonelle utøvarar frå kunst- og kulturlivet i aukande grad skal trekkjast inn i skulen.

 I løpet av 1990-talet utvikla og etablerte fleire fylkeskommunar og kommunar modellar for ei heilskapleg kunst- og kulturformidling til grunnskulen og vidaregåande skule. Desse initiativa dannar bakteppet for satsinga på Den kulturelle skulesekken på nasjonalt plan frå og med 2001.

I 2001 vart det for første gong sett av ein særskild sum over Kulturdepartementet sitt budsjett øyremerkt samarbeid mellom kultur og skule under paraplyen Den kulturelle skulesekken. Utdannings- og forskingsdepartementet løyvde same året midlar til kompetanseutvikling i samband med Den kulturelle skulesekken. Løyvingane over statsbudsjettet i perioden 2001–2003 har gjeve grunnlag for å stimulere til aktivitet over heile landet og setje i verk eit knippe pilot- og samarbeidsprosjekt mellom kultur og skule, forankra i læreplanverket.

Endringa i fordelinga av spelemidlar til kulturføremål gav grunnlag for ei opptrapping og utviding av satsinga.” (Frå St.meld.nr. 38, (2002 – 2003), Den kulturelle skulesekken)

 St.meld.nr.38 (2002 – 2003): Den kulturelle skulesekken med innstilling 50 (2003-2004) blei vedtatt av Stortinget 20. 11. 2003 og danna grunnlaget for arbeidet med Den kulturelle skulesekken. St.meld.nr 39 (2002-2003): Ei blot til lyst, om kunst og kultur i tilknytning til grunnskolen som blei handsama 02.03.2004, og var og viktig for arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

Våren 2006 vart satsinga på Den kulturelle skulesekken evaluert. Evalueringa og den påfølgjande høyringsrunden danna grunnlaget for Stortingsmelding nr 8 (2007-2008): Kulturell skulesekk for framtida.