DKS i skulen
DKS kan sjåast i samanheng med danningsoppdraget til skulen og skal støtte opp under målsetjingar i læreplanverket. Det er viktig å inkludere skuleleiarar, kulturkontaktar, lærarar og elevar som sentrale aktørar i DKS-ordninga. Saman skal vi vidareutvikle eit mangfaldig og relevant DKS-tilbod som samspeler med læreplanane i skulen.
DKS er organisert på fylkes- og kommunenivå. Det nasjonale overbygget til DKS er Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg. Kulturtanken ønskjer at både skuleleiarar, lærarar og elevar skal kjenne eigarskap til DKS-ordninga. DKS-produksjonar kan styrkje medvitet om kunst og kultur i opplæringa. Slik kan DKS bidra som ein ressurs for å nå målsetjingane i skulen, både innanfor den overordna delen av læreplanen og i kompetansemåla for ulike fag.
«Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen.»
Frå prinsipp for Den kulturelle skulesekken (Stortingsmelding nr.8 (2007- 2008): «Kulturell skulesekk for framtida»).
Ved å møte profesjonelle utøvarar via DKS kan elevane bli inspirerte, utfordra og motiverte til kreativ problemløysing, lære å tenkje annleis i løysing av komplekse utfordringar og få kunnskap om innovasjon. .
Punkt 1.4 i den overordna delen av læreplanen Skaperglede, engasjement og utforskertrang, seier at «evnen til å stille spørsmål, utforske og eksperimentere er viktig for dybdelæring», og at «kreative og skapende evner bidrar til å berike samfunnet». Vidare står det å lese at «[k]unst og kultur omfatter mange skapende og kreative fagområder […] og vår estetiske sans utvikles i møte med ulike kulturelle uttrykk, og de bidrar til å løfte frem nye perspektiver. Kunst og kulturuttrykk har også betydning for den enkeltes personlige utvikling».
Ved å gi eit innblikk i verka til profesjonelle utøvarar kan DKS vere eit viktig supplement for måloppnåing både i overordna del av læreplanen og i dei einskilde faga.
«Kulturelle opplevelser har en egenverdi, og elevene skal få oppleve et variert spekter av kulturuttrykk gjennom sin tid i skolen!»
Skuleleiarar speler ei viktig rolle i forankringa av DKS i skulen. Tilbakemeldingar frå utøvarar og kulturkontaktar viser at ein engasjert skuleleiar styrkjer eigarskapen til DKS-tilbodet lokalt og gjer at kunst og kultur i større grad blir inkludert i planane til skulen. Ein skuleleiar som ser DKS som eit viktig verktøy for måloppnåing og tek ansvar for gjennomføringa, bidrar til å vidareutvikle og forbetre tilbodet.
Rapporten Den kulturelle skolesekken, (Breivik og Christophersen 2013) viser at elevane ønskjer å vere førebudde på det dei skal oppleve gjennom DKS, og at dei ønskjer ein relevans til eige tilvære og eigen livssituasjon. I tillegg ønskjer dei å arbeide med opplevinga i etterkant. Å bli sett og høyrd og i tillegg få delta vil ifølgje elevane sjølv gjere opplevinga betre. For at eleven skal oppleve kunstmøtet som relevant, er læraren viktig. Læraren kan hjelpe elevane til å sjå samanhengar med dei andre læringsaktivitetane ved skulen, tolke og evaluere opplevinga og i tillegg bidra med å knyte opplevinga til overordna og fagspesifikke mål i læreplanen.
DKS-produksjonar skal samspele med læreplanane i skulen. Om læraren knyter tilbodet til mål i læreplanen, kan elevane òg oppleve tilbodet som meir relevant. Kunstformidlinga skal ikkje erstatte ordinær undervisning, men kan fungere som eit supplement til dei vanlege aktivitetane ved skulen. Lærarar og skuleleiarar er ein viktig ressurs som kan setje opplevinga i ein kontekst og i relasjon til dei andre aktivitetane i skulen. Ein søkjer opp skulen sin på nettsidene til DKS lokalt (fylke eller kommune) og finne skildringar av produksjonane som kjem til skulen. Der kan ein ofte òg finne både tema og fagleg relevans, noko som kan gjere det enklare å planleggje langsiktig for samspel med dei andre læringsaktivitetane på skulen.
Kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skulen og DKS. Oppgåva til kulturkontakten er å sørgje for tilrettelegging i forkant av, under og i etterkant av kunstbesøket på skulen. Ein viktig del av kulturkontaktrolla er å koordinere DKS-tilbod med andre planar skulen har, men oppgåvene kan variere frå skule til skule. Langsiktig planlegging kan gjere det enklare for lærarane å setje DKS-opplevinga i kontekst med dei faglege måla i skulen. Slik kan opplevinga samspele med læreplanane, og den skulefaglege relevansen blir tydelegare for både lærarar og elevar.
Ein sentral premiss for ordninga er at eleven sjølv opplever tilbodet som relevant, og at eleven speler ei rolle i utforminga og gjennomføringa av tilbodet. Innhaldet i DKS bør òg reflektere den medie- og teknologirike røyndommen til born og unge.
DKS er i stadig utvikling når det gjeld å involvere elevar. Elevmedverknad kan skje i alle fasar: planleggings-, programmerings- eller produksjonsfasen, i møte med produksjonen og kunstnarane eller i ulike former for etterarbeid og evaluering. Både lærarar, kunstnarar og DKS-planleggjarar er viktige for å nå målet om å styrkje elevmedverknaden i DKS. Målet fell saman med vektlegginga av demokrati og medverknad i læreplanen.
Kulturtanken har sett i gang ulike tiltak og piloteringar for å auke graden av elevmedverknad i DKS.
«Elevene skal erfare at de blir lyttet til i skolehverdagen, at de har reell innflytelse og at de kan påvirke det som angår dem» (Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen 2017. Punkt 1.6 Demokrati og medvirkning).
Røysta til elevane skal komme tydelegare fram, og det er eit mål at dei skal kjenne eigarskap til DKS-ordninga. Kulturelle opplevingar kan bidra til å styrkje forståing for og kunnskap om verda vi lever i. DKS kan vere ein arena for både læring og danning, der elevane får innsikt i kulturelt og kunstnarisk mangfald og kulturelle og kunstnariske opplevingar.
«Kulturelle opplevelser har en egenverdi, og eleven skal få oppleve et variert spekter av kulturuttrykk gjennom sin tid i skolen.»
Det er ulike satsingsområde for elevmedverknad i DKS rundt om i landet. Informasjon om elevmedverknad i fylket/kommunen din kan du finne ved å søkje opp fylket/kommunen her på nettsida.
Relaterte saker
Veileder for kulturkontakten
Her finner du anbefalinger om kulturkontaktens praktiske oppgaver. Veilederen synliggjør også hvordan ansvaret for Den kulturelle skolesekken (DKS) er fordelt mellom kulturkontakten og samarbeidspartnere.
Kurs for elevarrangører i DKS
Elevarrangørene er et brukervennlig kurs for opplæring av elever som skal ta imot utøvere fra Den kulturelle skolesekken.
DKS-ressursside for lærarar
Er du nysgjerrig på korleis du som lærer kan hjelpa elevar til å få mest mogleg ut av besøk frå Den kulturelle skulesekken?
Vurderingskultur i skolen
I denne artikkelen foranker Line MargretheTyrdal evaluering og tilbakemeldinger på DKS-produksjoner i skolen, og belyser verdien skolen og Den kulturelle skolesekken kan ha for hverandre.
Korleis er det å vera kulturkontakt?
Seks kulturkontaktar landet rundt fortel om gleder og utfordringar ved å vera bindeleddet mellom skulen og DKS.
Lanserer digitale kurs for kulturarrangører
DKS Nordland og KKS har utvikla eit e-læringskurs for kulturkontaktar og elevvertar.
DKS Viken har utgitt en håndbok for kulturkontakter
Håndboka er ment som et arbeidsverktøy for kulturkontaktene og gir et innblikk i DKS ordningen for rektorer og lærere.