Aktørar og produksjonar
Tilbodet i DKS skal vere av høg kvalitet, og vise heile breidda av dei seks kunst- og kulturuttrykka: film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst.
Det finst nasjonale, regionale og lokale aktørar som tilbyr produksjonar til DKS i fylkeskommunar og kommunar. Nasjonale formidlarar, som Scenekunstbruket (dans og teater), Nasjonalmuseet (visuell kunst) og Norsk Forfattersentrum (litteratur), tilbyr produksjonar innan sine felt. I tillegg jobbar dei med å sikre kvalitet, og tilbyr kompetansehevande tiltak for utøvarar og formidlarar.
Det finst også ei rekkje regionale, lokale og uavhengige aktørar som produserer innhald (program, framsyningar og utstillingar) til DKS. Dette er til dømes filmprodusentar, lokale og regionale teaterhus, orkester og museum.
I tillegg er mange av utøvarane i DKS utøvarar frå det frie feltet; musikarar, dansekompani, teatergrupper, forfattarar, kunstnarar, formidlarar og andre. DKS er den største arbeidsmarknaden i landet for kunstnarar.
Programforslag
Profesjonelle utøvarar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur kan melde inn forslag til Den kulturelle skulesekken. Forslag blir meldt inn i DKS-portalen. Innmeldingsfrist er 1. oktober for etterfølgjande skuleår. På bakgrunn av innkomne forslag blir det valt ut produksjonar som skal inngå i det lokale DKS-programmet. Det er produsentar og programmerarar i fylkeskommunane og/eller kommunane, i samarbeid med lokale fagutval, som vedtek endeleg program.
Mangfald
«Aktørane i ordninga for Den kulturelle skulesekken møter alle barn og unge i Noreg. Det er derfor ei målsetjing at utøvarane, produksjonane og apparatet elevane møter speglar det mangfaldige samfunnet vårt, og synleggjer førebilete og rollemodellar for å bidra til eit inkluderande og mangfaldig fellesskap.» (Frå Kulturtankens tilskotsbrev)
Meir om DKS: