Nasjonale mål for DKS

Barne- og ungdomskulturfeltet er presentert som eit samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå i Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge. Stortinget har slutta seg til målsetjingane om at alle barn og unge skal ha eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, at dei skal oppleve kunst og kultur som er laga for dei, som involverer dei, og som dei kan delta i, og at barn og unge skal få tilgang til dei arenaene dei treng for å utvikle skaparglede, engasjement og utforskartrong, jf. Innst. 622 S (2020–2021). Løyvingane til Kulturtanken skal byggje opp under desse overordna målsetjingane, jf. omtale under kap. 325 Allmenne kulturformål i Prop. 1 S (2020–2021).

Stortinget har slutta seg til dei nasjonale måla for DKS med ei tydeleggjering av at DKS framleis skal medverke til at elevar får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod, jf. vedtak av 8. juni 2021 i sak 29. DKS skal på denne bakgrunnen vere er ei nasjonal ordning som skal formidle profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet til barn og unge, og skal:

Den kulturelle skulesekken skal:

  • vere eit gratis tilbod for alle barn og unge i grunnskolen og vidaregåande skole og skal tilbydast jamleg
  • sikre at barn og unge får eit likeverdig kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur, slik at dei kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk
  • bidra til barn og unge si danning og utdanning, slik dette er formulert i overordna del og læreplanar i fag
  • formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer eit kulturelt mangfald av tilbod og utøvarar
  • vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
  • bidra til å styrkje norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar
  • bidra til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn


Frå Meld. St. 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge.

Meir om DKS: